I helga fekk eg endeleg tak i glutenfrie lomper på Meny, Jessheim. Føler det er godt ha i frysen, men eg må ærleg sei eg fekk sjokk då eg såg prisen. Ei lita pakke med glutenfrie lomper kosta altså 80 kr!! og ei pakke med glutenfrie lefser kostar 85 kr!! Kva i alle dagar??
Er verkeleg glutenfritt blitt billigare?
Når gjøvik lomper hadde glutenfritt betalte eg ekstremt mykje mindre for glutenfrie lomper.
I det eg kom heim stilte eg meg spørsmålet om det faktisk er verdt det? Er det verkeleg verdt å betale så mykje for nokre lomper?
Eg tok meg råd no, men hadde nok aldri gjort det med kutta som kjem på ny året. Eg fryktar dei gode enke alternativa som fins i dag etter kvart må forsvinne. Fordi me må velge, blir pølsa bar eller kan ein ta seg råd til ei lompe rundt.
Eg har ikkje valget, eg kan ikkje velge bort glutenfritt. Et eg små spor av gluten får eg store problem i laaaang tid etterpå. Eg veit ikkje kor mange gonger ting har gått dukken fordi andre ikkje forstår alvoret med glutenfritt å at maten har blitt ufrivillig forurensa, men eg må ærleg sei at matbudsjettet mitt hadde sunke drastisk om eg hadde tålt gluten. For cøliaki er verkeleg ein ufrivillig, autoimmun og kostbar sjukdom.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Søtebollar utan egg, melk, kvitt raffinert sukker og gluten.
Ca. 20 stk 250 g melkefritt smør 6 dl gryr naturell melk eller anna melke erstatning 50 g gjær 1 ss fiberhusk 1 dl kokoskr...
-
I helga fekk eg endeleg tak i glutenfrie lomper på Meny, Jessheim. Føler det er godt ha i frysen, men eg må ærleg sei eg fekk sjokk då eg så...
-
Du treng: 800 g kjøttdeig/karbonadedeig 1 gul løk Ghee/kokosfeitt/Berit Nordstrand smør/olje/ 2-3 fedd kvitløk Himmalayasalt ...
-
Du treng: Strimlet kylling kokosfett/ Berit Nordstrand smør/ghee til å steike i Wok grønnsaker enten frossen eller ferske Kokos...

Ja her i Arendal er også prisene skyhøye på glutenfrie produkter og at man nå kutter i grunnstønaden synes jeg er blodig urettferdig ...
SvarSlett