tirsdag 13. november 2018

Frokost smoothie

Kvar einaste dag startar eg dagen med smoothie. Dette er for min kropp lett fordøyeleg, inneheld masse næring og gjer tarmen min godt.
Eg har prøvd ein pose kollagen frå naturligliv, men må ærleg sei at dette kollagenet frå myrevolution er absolutt best for min kropp. Eg er ikkje sponsa, men berre elskar dette MyoCollagen proteinet. For er det ein ting som er viktig for meg så er det kva som er rett for min kropp og va som gjer min kropp godt. Eg er over gjennomsnittet opptatt av levande mat og tarmhelse. Dette fordi det har gjort utruleg mykje godt for mi helse.  Eg har alltid vært opptatt av sunn mat, men når eg blei sjuk for 2 år sidan måtte eg starte tenke heilt nytt fordi det holdt ikkje at maten "berre" var sunn. Då starta eg rett og slett med ferdig kjøpt mat frå UR på Grùnerløkka som sambuar tok med heim frå jobb. Eg gledar meg til den dagen kroppen er sterk nok til å klare delta på kurs om levande mat. For min kropp treng levande mat som er næringsrik for å bedre kvardagen.
Her er mi favoritt oppskrift, men eg slumpar og tilsett for å få riktig smakar for meg. For meg er det også viktig at det er gluten, egg og melkefritt.
Smoothie:
  • Ca 2 dl. mandelmelk/havremelk/kokosmelk (kjem heilt an på kva eg har i kjøleskapet og slumpar)
  • 2 ss. fermentert kokosyoghurt
  • 1 måleskje Proteinpulver med vaniljesmak frå plantforce
  • 1 ts kokosfett
  • 1 ts MCT olje
  • Økologiske blåbær eller andre bær
  • Spinat
  • 1 måleskje Kollagen
  • Chiafrø 1-2 ss( som ligger i vann i kjøleksapet natten over)
  1. Kvelden før blandar eg chiafrø i vann som eg sett i kjøleskapet natta over.
  2. Mandelmelk, kokosyoghurt, proteinpulver, kokosfett, MCT, kollagen og chiafrø køyrer eg først i blendaren for å knuse chiafrø for mest mulig næring. 
  3. Så tilsett eg spinat og bær til riktig konsistens og smak.


Frokosten min saman med B12, Omega3 og D-vitamin kvar dag. Endrar alltid litt på innhold og smakar for å få riktig smak til dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Søtebollar utan egg, melk, kvitt raffinert sukker og gluten.

Ca. 20 stk 250 g melkefritt smør 6 dl  gryr naturell melk eller anna melke erstatning 50 g gjær 1 ss  fiberhusk 1 dl kokoskr...